Infidels Qellie Vigdis Olav Barsnes Lekkjer Artiklar Galleri Bilete Nyhende Startside


Blåe tonar under breen 2003
Du kan trygt setje av helga den 29. og 30. august til ein Jostedalstur. Då vil musikken stå i sentrum heile helga. Musikkhelga "Blåe tonar under breen" har komme i stand ut frå respekt og glede over songarven etter Ragnar Vigdal (1913-1991). Sogn og Fjordane Folkemusikklag har skipa til fleire sokalla Vigdal-symposium, der Vigdal sin song har vorte studert og lært vidare. "Blåe tonar under breen" vil ta Vigdal sin musikk vidare, og vise at det er slektskap mellom ulike musikalske ytringar.
Ragnar Vigdal Bjørn Berge Eriksen
Ragnar Vigdal Bjørn Berge Eriksen
Blåtonar The stringmachine syskena Rita og Frank

Ragnar Vigdal voks opp i Vigdalen, ein sidedal til Jostedalen. Tradisjonen frå Hans Nielsen Hauge og Haugerørsla stod sterkt i bygda, og såleis fekk han Ragnar lære hundrevis av gamle religiøse folketonar frå foreldra sine, Klaus og Anna Vigdal. Som mest all anna folkesong, er songstilen frå Vigdalen merkt av ei mjuk og bøyeleg melodiline, med glidetonar, krullar og ekstra sløyfer i tonen - ein tonalitet som ikkje utan vidare kan passast inn i eit klassisk akkordsystem. Sermerkt for songstilen til Ragnar Vigdal var at tonane hadde serleg mykje utsmykking. Hjå han har ei tekststaving kanskje både fire og fem tonetrinn, noko han sjølv kalla krull, trinn eller bøyning. Ragnar Vigdal er noko av det mest internasjonale me har, oppsummerte Sondre Bratland etter symposiet i 2002. - Eg har høyrt tonane hans både i jødiske synagoger og på indiske gater. Kanskje det er eit døme på at nett det lokale og provinsielle er det ekte universelle? spurde Bratland til sist.

- Han Ragnar sa sjølv at han ofte tok nasen til hjelp for å få til dei 'skeive' mellomtonane, fortalde Asbjørg Ormberg med ei illustrerande naseskrukke midt i dei rikaste krullane. Ho la til at desse skeive tonane kan gjere det vanskeleg å få fat på om melodien går i dur eller moll - der somme høyrer molltonar, tykkjer andre at det går i dur. Og det er no med på å gjere det så vent. Særmerket for musikkhelga "Blåe tonar under breen" skal vere ekte musikk. Musikk med røter hos vanlege folk. Det heile startar fredag kveld den 29. august på Breheimsenteret. Her vil me opne for unge musikarar frå Sogn, musikarar som fortener å komme fram i lyset. Saman med eit akkustisk Absolute Blues vil tre ulike band frå Hafslo og Jostedalen spele denne kvelden.

Laurdag ettermiddag er det Vigdal sin musikk som står i fokus. Sonen Klaus, sonesonen Erling, Vigdal-tolkaren Asbjørg Ormberg og gitaristen Arvid Elvekrok vil formidle songane, både nær originalen og i nye arrangement. Eriksen Band frå Rogaland syner at det er råd å lage ekte musikk med røter attende i tida, sjøl om dei brukar moderne verkemiddel. Denne konserten er på Breheimsenteret.

Laurdag kveld er Jostedal Hotell som er hovudarena. Der vil Absolute Blues, Eriksen Band og Bjørn Berge syte for at stemninga kjem på kokepunktet. Felles for desse tre er at musikken har klåre røter attende til folkemusikk. Heile helga vil det også gå eit songkurs med utgangspunkt i Vigdaltradisjonen. Instruktørar er Klaus Vigdal og Asbjørg Ormberg.

Initiativet til "Blåe tonar under under breen" kom frå bandet Absolute Blues og Erling Vigdal. Dei allierte seg med Jostedal Hotell, Breheimsenteret, Jostedal Spel- og dansarlag, Jostedal bygdelag og Sogn og Fjordane Folkemusikklag, og dermed er den fyrste helga med "Blåe tonar under unde

Program for Blåe tonar under breen
Ansvarlege arrangørar :
Jostedal Bygdelag, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Jostedal Spel og dansarlag, Absolute blues, Jostedal Hotell og Breheimsenteret.

Fredag 29.8 kl 20.00
Offisiell opning på Breheimsenteret.
"dei unge trør til" Akustisk brepub med nye og etablerte musikarar.
20.30 til 22.30: Isis frå Jostedalen, , Kaliber 9 og Fem trøytte typar frå Hafslo.
22.30 til 01.00: Absolute blues.

Laurdag 30.8 kl. 09.00 til 11.00
"musikalsk frukost". Jostedal hotell
Artistar og musikkinteresserte får ein god start på dagen.

Laurdag 30.8 frå morgonen
Songseminar Vigdaltradisjon.
Eige tidsskjema.

Laurdag 30.8 kl. 12.00
"musikalske måleri" Opning av Roar Grimsbø - utstilling. Jostedal Hotell.

Laurdag 30.8 kl. 16.00
"dei gamle tonane e so fine" . Konsert Breheimsenteret
Klaus Vigdal, Asbjørg Ormberg, Erling Vigdal, Arvid Elvekrok, Eriksen Band, Absolute blues.

Laurdag 30.8 kl. 21.00
"blå natt under breen". Jostedal Hotell
21.30 - 22.30: Absolute blues
22.30 - 24.00: Eriksen Band
24.00 - 01.30: Bjørn Berge

Søndag 31.8 kl. 09.00 til 11.00
"musikalsk frukost". Jostedal hotell.
Artistar og musikkinteresserte får ein god start på dagen.

Søndag 31.8 kl. 09.00 til 11.00
"ut i naturen" Musikalsk blåistur for artistar og musikkinteresserte. Ta med instrument.

Bjørn Berge
Det er lenge mellom kvar gong det kjem fram artistar som er verkeleg spesielle. Bjørn Berge er ein av desse få, heilt spesielle artistane. Helt sidan han byrja å turnere med Jan Flåten i 1994 har einkvar som har sett Bjørn Berge live lete seg imponere over ferdigheitene hans som gitarist. Etter at samarbeidet med Flåten vart lagt på is i '96, ga Bjørn ut si fyrste cd, 'Bjørn Berge,' til eit ventande norsk bluespublikum. Plata er i dag å rekne som eit samleobjekt, men framleis råd å få tak i.

Årets musikktalent
I 1998 vart Berge kåra som 'Årets Musikktalent' i Dagbladet, og ga ut si fyrste cd for Blue Mood / Warner Music, 'Blues Hit Me,' i januar 1999. Plata synte ein kreativ og offensiv Berge som byrja å blande inn andre element i musikken sin, noko som dei fleste i bransjen visste å sette pris på. Samstundes held han fram den evige turnéen sin, og han var alt på denne tida i ferd med å skaffe seg eit rykte som ein av de store underhaldarane i landet.

Ein eineste lang parademarsj
Å underhalde forsamlingar på alt frå 50 til 500 menneske med berre ein gitar og ei røyst er ein kunst det er dei færraste unt å meistre. Vonene var difor store då han lanserte' Bag of Nails', og meldarene over heile landet jubla over denne plata. Meir innovativ enn den førre, større variasjon i låtmaterialet, og større 'trøkk'. Denne plata nådde ut til eit yngre og breiare publikum, og Bjørn har no fått ein plass i fremste rekke av norske artistar. Turnéen held fram, og Bjørn vekker oppsikt i Sverige, som kassegitarspelande nordmann. Perioden etter 'Bag of Nails' har vore ein eineste lang parademarsj, med utselde hus og strålande kritikkar.

Les kva Berlingske Tidende i Danmark skriv:
"Det er de mærkligste ting, der kommer fra Norge. Først noget af verdens hårdeste dødsmetal og nu blues, der lyder som om det netop er blevet tappet fra USAs dybeste delta. Bjørn Berge har i mere end 10 år gjort de norske landeveje usikre med sit rytmiske onemanshow-guitar, gryntende Tom Waits-aktige vokal og fodbetjente guitarkasse. Og i denne måned kommer manden til Danmark - sammen med dette og de to forrige albums ("Bag of nails" fra 2000 og "Blues hit me" 1999). Og hvis du ikke vil snyde deg selv for en hæsblæsende musikalsk oplevelse, så løs billett med det samme. Berge spiller nemlig guitar, som om han har mindst tre sæt arme. Han synger med en autoritet, der snildt kan måle sig med mestre som John Hammond Jr. Tekstmæssigt falder han nogle gange i klichèkassen. Men energien og de fine melodier holder konstant gryden i kog. "

Eriksen Band
Syskjenduoen Rita og Frank Eriksen, betre kjende som ERIKSEN, har hatt ei fantastisk karriere så langt. Gruppa har motteke Spellemannpris for "Two Blue" og blei nominert til Spellemann for "The Water Is Wide" og "Alt vende tebage". Dei fire albuma deira har selt over 165.000 eks.

Dei to fyrste vart utgjevne hos MajorStudio AS og var begge engelskspråklege. Det tredje albumet var deira fyrste på morsmålet og blei utgjeve på det internasjonale plateselskapet BMG. "Blåmandag" er ERIKSENs fjerde album og deira andre med norske tekstar. Dette albumet blei igjen utgjeve av MajorStudio AS. Med "Blåmandag" kan me trygt slå fast at ERIKSEN har gått opp ein vektklasse, denne plata viser absolutt ingen teikn til at ERIKSEN har tenkt å vere uskuldige kanarifuglar frå Rogaland!

ERIKSEN blir spelt mykje på norsk radio og deira versjon av Alf Prøysen/Bjarne Amdahl melodien "Sønnavindvalsen", den vakre balladen "The water is wide" og ikkje minst "Kanarifoggelens sang" har gjort ERIKSEN til allemannseige i Noreg.

Rita Eriksen er utan tvil ein av dei beste vokalistane i Noreg. I tillegg til si eiga karriere er ho flittig brukt av det norske musikkmiljøet. Bjørn Eidsvåg, Hellbillies, Vamp, Jonas Fjeld, Reidar Larsen, Tre Små Kinesere og Bjørn Berge er berre nokre av dei ho har songe med. I 1996 ga ho ut albumet "Tideland" med den kjende irske songarinna Dolores Keane for Kirkelig Kulturverksted. Dette var eit album som blei svært godt motteke og synte at Rita Eriksen også meistrar norsk, tradisjonell folkemusikk. Allsidigheit har eigentlig alltid vore Rita sitt varemerke.

Klaus og Erling Vigdal, son og soneson av Ragnar Vigdal
Både Klaus og Erling har teke opp arven etter faren og bestefaren. Dei kan måten Ragnar song på. Klaus er i dag ein av dei fremste utøvarane av faren sine songar. Erling spelar også gitar, og er med i Absolute Blues.

Asbjørg Ormberg
Ein av dei fremste utøvarane av vokal tonekunst i landet. Asbjørg framfører songen i Vigdaltradisjonen på ein framifrå måte. Ho er sjøl busett i Jostedalen, og har henta inspirasjon frå både naturen og kulturen i bygda.