frá

        HEIMBYGDI VÁR – SOGNDAL

            serie av hefter utgjevne pá 30-talet

 

 

Sjurgarden

 

                     Nr. 3, 11.                                                          Skyld 2,72 mark

                     Eldre nr. 8, 23b.                                    Eldre 2 dal. 1 ort 12 sk.

                                                                                              Smør 2 pund 16 ¾  mk.

 

 

Husi ligg i ein apalskog vest pá Barsnes straks utum Gota i le for vinddraget som snoar yver halvøya. Me svingar inn grindi til vinstre. Husbond kjem ut og syner oss rundt i hagen. Eigedomen nár frá Vetlasundet upp til Svadhaugen med Skakkgarden pá nordsida. No skal me fá høyra gardssoga.

 

Dette bruket er ikkje av dei store gamle gardarne, segjer han, men ein lut av ein gamal gard her i hallet. Berntgarden som dei kløyvde ved bil 1827. Den eine helvti gjekk so frá mann til mann fram til Hermund Hermundson 1855 og til Per Jensson som fortalt er under Einehaugen. Den andre luten (Sjurgarden) som Bernt Olson hadde skilt frá, gjekk til Olav Berntson 1831. 250 dalar. Kona hans heitte Kari Mikkjeldotter f. Olstad g. 1833. Bernt d. 1834, 61 ár. Olav Berntson fall frá 1863, 64 ár. Enkja selde no bruket til Botold Nilsson Ronneid 1864. 500 dal. Tiderne var no um á snu, og jordprisarne steig. Botolv Nilsson sat med skøyta til 1869. Dá kom Ola Andersson Leri frá Luster og kaupte. 1000 dalar. Dermed hev me nátt fram til folket som sidan hev butt her. Det er ein triveleg stad, segjer husbond, dei likar det rome utsynet til fjords. Heimen hev funne ei logn lega.

 

Ola  Andersson Leri f.1823 gm. Marta Sjurdotter Ambladalen.

f.     1868 Anders Am. 1902., gm. Ølgárd Klingenberg Einehaugen.

       1871 Sivert Johan, d. 1871

       1873 Karen Kristina, ug. heimeb.

       1875 Sjur. Bonde etter faren

 

1876 selde Ola umlag helvti av garden, 800 dal. til Anders Nilsson Berge frá Luster, han budde mange ár pá Barsnes, men so selde han og flutte til Berge att.

 

Då eldste sonen drog til Amerika, tok andre sonen same áret garden. 6000 kr, 1902. Han driv skreddaryrkje attåt.

 

Tavla:

 

Sjur Olson f. 1875 gm. Gertrud Knutdotter Geirarne 1904.

f.           1905 Marta d. ug. 1931.

1906 Olav

1908 Knut

1911 Sigrid gm. Nils Olson Kvam 1939

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

H a g e n. Umlag 11 mál, og alt utplanta. Ola Andersson sette fyrste trei framfyre huset i 60-70 ári, og det var fyrste frukttrei pá Barsnes. Han hadde dei med seg dá han flutte ut frá Luster. No hev talet vakse til 150, av dei er ein tridjung pæretre.

 

O p e n á k e r. 3 mál potetor og ½ mál turnips.

 

H u s. Gamlestova bygde far til eigaren 1879, pábygd 1903, ei høgd med ark. Floren 1912. Eldhus med fruktkjellar 1938. Gamalt stabbur.

 

V a n d a n e s. 21 mál dyrka. 1 mál potetor. 4 mál korn. ½ mál turnips.

 

V i k a r n e. 16 mál uppdyrka; teig til fjells, utmark med beite og vedaskog.

 

F o d n a d. 2 øykjer, 8 kyr, 3 ungfe. 30 vintrafødde sauer, 2 griser, revegarde med 8 vaksne og 28 ungar.

Skogteig i Sigledalen frá Fossarne fram til Vardafjellet.

Stølsgjerde pá Helgasete, 6-8 vintralass høy.